Sommarmorgen i Kolbeinshavn Skriv ut
Har du vakna ein morgon i Kolbeinshavn?
Når bjørker og bartre driv med flørting og fjas
over tangkransa trollspegelsjø?
Strakt deg ut på eit dekk, sett at smykka langs kai
ligg med doggmønstra ruter, i kvild?

Antenner og troer, splitter nakne mot sky,
teiknar vittige ord med små skrift.
Ei seglmast fangar sola, veivar til ein krusedull,
eit slags ja til det skuldlause blå?

Ei snekke legg seg over, ein kalesjelås glir ned:
Eit kvitlabba sjarmtroll skal ha trim!
Og gamlemor i snora, som ei svenskeskjøyte stolt,
kryssar grusleier trygt i sin draum.

Flagg kjem til syne på båt etter båt.
Ei dame i sandalar stig i land,
samlar om seg nett nok utav lauslege plagg,
kursar klapsande bort til ein dusj.

To kje møter dagen med merkeleg song,
vert joller på slep, etter godt.
Morgonkvikk lyslugg spring berrføtt omkring
samlar agn til ein krabbe på lur.

Kaffilukt vinn over angen frå lauv.
Morgonegg på dekket smakar betre her.

Så: Uventa lyder det første Wrrrooommm!
Ein Ford har hatt nattekvild nok,
forhalar for bunkring, for bollar og brød.
Og aviser! Hugs endeleg det!

Kart kjem på fanget, i rullar og ark.
Lutande hovud søkjer saman på leit
etter hamner og holmar og hav.

Trådar skal tråklast mot nord og mot sør:
"Dette er dagen som Herren har gjort!"
Den skal fyllast med glede, med vennskap og lys'
- men vi ventar litt til før vi går!

 

Hans H. Steinsund